Northumberland

Northumberland
grevskap
Land  England
Region Nordaust-England
Areal 5 013 km²
Folketal 311 000  (2008)
Grunnlagd Historisk
Status Seremonielt grevskap og sameint styresmakt
Kart
Northumberland
55°10′00″N 2°00′00″W / 55.166666666667°N 2°W / 55.166666666667; -2
Kart som viser Northumberland.
Kart som viser Northumberland.
Kart som viser Northumberland.
Wikimedia Commons: Northumberland

Northumberland er eit seremonielt grevskap og sameint styresmakt i Nordaust-England. Det grensar til Cumbria i vest, County Durham i sør, Tyne and Wear i søraust, mot Scottish Borders (austskotske regionar attmed grensa mellom England og Skottland) i nord og mot Nordsjøen i aust. Northumberland er det minst folketette grevskapet i England med berre 62 innbyggjarar per kvadratkilometer. Grevskapet er kjend for det urørte landskapet med høge lyngheier, som i dag hovudsakleg er verna som ein del av Northumberland nasjonalpark, og er eit ynda landskap for mange kunstmålarar.

Etter at Tyne and Wear vart skipa i 1974, etter å ha vore lutar av grevskapa Northumberland og County Durham, har grevskapsrådet i Northumberland halde til i byen Morpeth, aust i grevskapet.

Opphavet til Northumberland er det tidlegare kongedømet Northumbria, men dagens Northumberland femner om eit mykje mindre landområde. Som kongedømet Northumbria under kong Edvin, strekte dei historiske grensene for regionen seg frå Humber i sør til elva Forth i nord. Dei historiske grensene til grevskapet dekte eit anna område, inkludert Newcastle upon Tyne, den tradisjonelle grevskapsbyen, og Tynemouth og andre busetnader i North Tyneside, som har vore ein del av Tyne and Wear sidan 1974. Dei historiske grensene til grevskapet utelet stundom Islandshire, Bedlingtonshire og Norhamshire (North Durham), eksklavane til County Durham som vart innlemma i Northumberland i 1844.

Sidan området ligg på grensa mellom England og Skottland, har mange militære slag funne stad her.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne