Nothing Has Changed Samleplate av David Bowie | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 18. november 2014 | |
Innspelt | 1964–2014 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 69:00 | |
Selskap |
| |
Produsent | Ulike | |
David Bowie-kronologi | ||
---|---|---|
The Next Day (2013) |
Nothing Has Changed | Five Years (1969–1973) (2015)
|
Singlar frå Nothing Has Changed | ||
|
Nothing Has Changed er eit samlealbum av den engelske musikaren David Bowie. Det kom ut 18. november 2014 på Parlophone i Storbritannia og Columbia Records og Legacy Recordings i USA. Albumet kom ut i fire format: ein tredobbel CD-versjon (der songane kom i motsett kronologisk rekkjefølgje), ein dobbel CD-versjon (i kronologisk rekkjefølgje), ein dobbel LP-versjon og ein enkel CD-versjon[1], som kom ut eksklusivt i utvalde land.[2][3]
Det er det første albumet som syner heile karrieren til Bowie fram til då, frå den første singelen hans «Liza Jane» i 1964 til «Sue (Or in a Season of Crime)», ein ny komposisjon spelt inn spesifikt for samlinga. Dei ulike formata av albumet har alle ulike spor og miksar samanlikna med dei andre. Den tredoble versjonen inneheld dei fleste, som songar frå det ikkje-utgjevne albumet Toy. Samlinga inneheld òg mange avvik i sporlistene. Tittelen kjem frå ein tekst i songen «Sunday» frå albumet Heathen frå 2002. Kvar av dei ulike formata har eit ulikt plateomslag, alle designa av Jonathan Barnbrook og alle syner Bowie som ser på seg sjølv i ein spegel.[4]
Då det kom ut gjekk albumet inn på niandeplassen på den britiske albumlista og vart det 29. albumet til Bowie som gjekk inn på topp 10. Etter at Bowie døydde i 2016 klatra albumet heilt til femteplassen og gjekk òg inn på lista i andre land. Det har selt til gullplate i Storbritannia. Den tredoble utgåva av Nothing Has Changed fekk god omtale av kritikarane og mange likte den reverserte kronologiske rekkjefølgja, som gav eit anna syn på karrieren hans. Men det fekk likevel kritikk for at det ikkje hadde med nokre songar frå Tin Machine-tida til Bowie, og for at Berlintrilogien (1977–1979) var underrepresentert. Likevel vert det rekna som eit av dei beste samlealbuma av Bowie.
Ei revidert utgåve av dobbeltutgåva av Nothing Has Changed, kalla Bowie Legacy, kom ut 11. november 2016 og inneheld utval frå det siste studioalbumet hans, Blackstar (2016).[5][6]