Notodden Blues Festival, NBF, er ein bluesfestival som årleg vert arrangert på Notodden i Telemark.
Festivalen vart arrangert første gong i 1988 og er ein av dei største bluesfestivalane i Nord-Europa. I 2002 var det 23 000 personar som kjøpte billett til arrangementet.
Nokre av artistane frå 2006 inkluderer Gary Moore, Beth Hart, Johnny Winter og Canned Heat. Festivalen i 2006 vart opna av kommunalminister Åslaug Haga og festivalen i 2007 vart opna av statsråd Trond Giske.