Notodden kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Telemark | ||
Adm.senter | Notodden | ||
Areal | 983,89 km² | ||
• land | 915,75 km² | ||
• vatn | 68,14 km² | ||
Folketal | 13 333 (1. januar 2025) | ||
Målform | nøytral | ||
Ordførar | Gry Fuglestveit (Ap) | ||
Kommunenr. | 4005 | ||
![]() Notodden kommune 59°33′34″N 9°15′33″E / 59.559328305556°N 9.2592923055556°E | |||
Wikimedia Commons: Notodden | |||
Nettstad: www.notodden.kommune.no |
Notodden kommune ligg nordaust i Telemark fylke og grensar i vest til Hjartdal og Seljord, i nord til Tinn, i sør til Bø og Sauherad og i aust til to kommunar i Buskerud, Kongsberg og Flesberg. Kommunen har sine noverande grenser frå 1964 då Notodden vart slegen saman med kommunane Heddal, Gransherad og ein del av Hovin.
Kommunen ligg ved Tinnsjø og Telemarkskanalen. Det var i Notodden Norsk Hydro vart grunnlagt, og føretaket hadde sin første og sentrale industristad basert på vasskraft i byen. Byen er kjend for å arrangere Notodden Blues Festival, ein av dei største bluesfestivalane i Nord-Europa.