Kart over Canada der Nunavik er markert med raudt.
Nunavik (inuktitut ᓄᓇᕕᒃ, 'stort land') er eit område nord i provinsen Quebec i Canada. Området hadde 13 188 innbyggarar ved folketeljinga 2016, der dei fleste var inuittar.[1]
Rundt 90 % av dei 13 181 innbyggjarane (etter folketeljinga i 2016) i region er inuittar[2] Dei aller fleste bur i fjorten nordlege landsbyar langs kysten og i cree-reservatet Whapmagoostui, nær den nordlege landsbyen Kuujjuarapik.
Det har vore diskutert om Nunavik skal få status som eigen provins eller territorium. Den føreslåtte hovudstaden for dette er Kuujjuaq.[3]