Ny-Caledonia | |||
Nouvelle-Calédonie | |||
territorium | |||
|
|||
Land | Frankrike | ||
---|---|---|---|
Del av | Frankrikes oversjøiske territorier | ||
Hovudstad | Nouméa | ||
Areal | 18 576 km² | ||
Folketal | 278 500 (2017)[1][2] | ||
Språk | fransk | ||
Regjeringspresident[a] | Philippe Germain | ||
Tidssone | UTC +11 | ||
Retningsnummer | +687 | ||
Domene | .nc | ||
Ny-Caledonia 21°15′S 165°18′E / 21.25°S 165.3°E | |||
Ny-Caledonia på verdskartet.
| |||
Wikimedia Commons: New Caledonia |
Ny-Caledonia (fransk Nouvelle-Calédonie) er eit fransk oversjøisk territorium i Stillehavet, som består av øya Ny-Caledonia, øygruppa Îles Loyauté, og fleire småøyer. Arealet er 19 058 km², om lag som Sogn og Fjordane fylke, og dermed eit av dei større landa eller territoria i Oseania. Folketalet var 240 400 i 2007. Det næraste nabolandet er Vanuatu i nordaust. I vest ligg Australia, 1200 km borte, og i sør, 1500 km borte, ligg New Zealand.
Dei opphavlege ibuarane, av melanesisk opphav, utgjorde i 1998 44,1 % av folketalet. Om lag 34,1 % var av europeisk eller blanda opphav, og over 11 % var polynesiarar frå andre øyer i Stillehavet, som har kome til øyene etter at dei vart franske.
Øyene har vore folkesett i over 3000 år. Dei første europearane kom til området på slutten av 1700-talet, og øya fekk namnet New Caledonia av James Cook i 1774. Øyene var fransk koloni frå 1853 til 1946, etter det fransk oversjøisk territorium fram til 1999. Sidan 1999 har området hatt ein spesiell status innan den franske republikken, medan det pågår ein prosess mot større sjølvstyre.
Referansefeil: <ref>
-merke finst for gruppenamnet «lower-alpha», men inkje samsvarande <references group="lower-alpha"/>
-merke vart funne