Ny Tid Orientering | |||
Type | 1952: Vekeavis 27. januar 2006: Nyhendemagasin | ||
---|---|---|---|
Format | Magasin | ||
Oppretta | 1953 | ||
Første trykk | desember 1953 | ||
Målform | Hovudsakleg bokmål | ||
Eigarskap | N.W.Damm & Søn AS (100%) | ||
Opplag | 4 834 (2002) 4 199 (2004) 4 320 (2005) | ||
Redaksjonskontor | PB 9316 Grønland | ||
Postnummer | 0135 | ||
Stad | Oslo | ||
Ansvarleg redaktør | Martine Aurdal (2006) | ||
Nettstad | Nytid.no |
Ny Tid (tidlegare Orientering) er eit månadleg nyhendemagasin med opphavleg grunnlag i den politiske venstresida (SV). Hovudkontoret ligg i Oslo. Fram til 2006 vart Ny Tid publisert som vekeavis, men etter å ha vorte kjøpt opp av Damm forlag på våren 2006, vart publikasjonen relansert som det første sjølvstendige nyhendemagasinet i Noreg, om lag ein månad før Memo.
Opplaget i 2002 var på 4 834 eksemplar. Opplaget i 2005 var på 4 199 eksemplar, og av desse vart berre 28 seld i laussal. Overgangen til nyhendemagasin heva laussalet av Ny Tid kraftig, og i 2006 blei avisa opplagsvinnar med eit godkjent opplag på 9258 eksemplar.