Occitanie | |||
Occitània | |||
region | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Toulouse | ||
Areal | 72 724 km² | ||
Folketal | 6 080 731 (1. januar 2022) | ||
![]() Occitanie 43°42′29″N 1°03′36″E / 43.708°N 1.06°E | |||
Wikimedia Commons: Occitanie |
Occitanie er ein administrativ region i Frankrike som grensar til regionane Nouvelle-Aquitaine i nordvest, Auvergne-Rhône-Alpes i nordaust, Provence-Alpes-Côte d'Azur i aust, Middelhavet i søraust og Spania i sørvest. Occitanie blei skipa 1. januar 2016 ved ei samanslåing av dei to tidlegare administrative regionane Languedoc-Roussillon og Midi-Pyrénées.[1] Regionshovudstaden er Toulouse.
Regionen har namn etter den kulturelle og historiske regionen Oksitania, som dekker eit større område.