Odd Nordstoga | |||
| |||
Fødd | 10. desember 1972 (52 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Vinje i Telemark | ||
Opphav | Noreg | ||
Aktiv | 1997 til i dag | ||
Sjanger | Viser, pop, folkemusikk | ||
Plateselskap | Sonet, Universal | ||
Mor | Ellen Nordstoga | ||
Prisar | Spellemannprisen i folkemusikk/gammeldans, Årets nynorskbrukar, Ole Vig-prisen, Skjæraasenprisen, Telemark fylkeskommunes kulturpris, Storegutprisen, Årets spellemann, Spellemannprisen for årets mannlige artist, Spellemannprisen i folkemusikk/tradisjonsmusikk, Spellemannprisen for årets tekstforfatter, Edvard-prisen i populærmusikk |
Odd Nordstoga (fødd 10. desember 1972) er ein norsk musikar, songar og komponist frå Vinje i Telemark. Han bur i dag i Oslo.
Tidlegare har han vore medlem i gruppa Something Odd, der han i 1997 plate-debuterte med albumet Something Odd. Han har også samarbeidd med Øyonn Groven Myhren i plateprosjektet Nivelkinn, som dei vann Spellemannprisen 2002 for i klassen folkemusikk/ gamaldans. I 2004 gjorde Nordstoga solo-debut med albumet Luring, som fekk svært gode kritikkar frå pressa og selde meir enn 160 000 eksemplar i Noreg. I ettertid har han fylgd opp med album som Heim te mor, Pilegrim, November og Bestevenn.