Odfjell SE | |||
| |||
| |||
Org.nr. | 930192503 | ||
---|---|---|---|
Bransje | Godsfrakt | ||
Skipa | 1914 | ||
Hovudkontor | Bergen | ||
Land | Noreg | ||
Nettstad | https://odfjell.com (norsk) |
Odfjell-gruppa er eit av dei leiande shippingselskapa i verda innan transport og lagring av kjemikaliar. Flåten til selskapet består av kring 80 skip, hovudsakleg registrert i Noreg (NIS) og Singapore. Odfjell opererer over heile verda og transporterer rundt 600 ulike typar kjemikaliar og annan flytande material. Disse er viktige bestanddelar for produksjon av utalde produkt - frå fotballar, bildelar og drikkeflasker til medisinar, måling og gjødsel.
Odfjell har òg eigardel i seks tankterminalar lokalisert i Belgia, USA, Sør-Korea og Kina. Terminalverksemda er òg knytt til seg eit nettverk i Sør-Amerika beståande av ytterlegare 13 tankterminalar delvis ått av nærståande partar.
Selskapet har rundt 2300 tilsette og avdelingar i 14 land, med hovudkontor i Bergen i Noreg. Selskapet hadde ein årleg brutto omsetnad på USD 851 millionar i 2018.