Okeanos (gamalgresk Ὠκεανός / Ōkeanós) var ein havtitan i gresk mytologi. Han var son til himmelguden Uranos og jordgudinna Gaia, og gift med Tethys. Han hadde ein stor familie.
Titanen er ofte representert som ein gamal mann med ein vase han held i handa som det heile tida strøymer ut vatn frå til havet, elvane og kjeldene.
Frå svigersonen Helios skaffa Okeanos eit gullbeger og lånte det ut til Herakles. Helten kunne dermed segla på havet og bringa tilbake storfeflokkane til Geryon.