Olivier Levasseur

Olivier Levasseur
Statsborgarskap Kongedømet Frankrike
Fødd 5. november 1695
Calais
Død

7. juli 1730 (34 år)
Saint-Denis, Saint-Paul

Yrke sjørøvar
Olivier Levasseur på Commons
Grava til sjørøvaren Olivier Levasseur «La Buse», død i 1730
«Cryptogramme du forban» («Sjørøvarens kryptogram») slik det vart offentleggjort i boka Le flibustier mystérieux, histoire d'un trésor caché, utgjeve i 1934 på forlaget éditions du Masque, Paris.

Olivier Levasseur, som òg gjekk under namnet La Buse (eller La Bouche) (16907. juli 1730), var ein fransk sjørøvar som debuterte i verksemda si i Det karibiske havet under den spanske arvefølgjekrigen. Deretter herja han i Indiahavet fram til han vart arrestert, fekk dødsstraff for si piratverksemd, og vart hengd i byen Saint-Paul på øya Réunion, som då heitte Bourbon og var fransk koloni. Han vart jordfesta på gravlunden Cimetière marin de Saint-Paul på Réunion, der grava hans framleis er å sjå.

Kven Olivier Levasseur var son av, eller i familie med, når og kor han vart fødd, kor han streifa ikring og kva for storhende han gjorde seg kjend for som sjørøvar, er i stor mon uvisst eller diffust. Det er til dømes uklart om han er fødd i 1680 eller 1690. Han er både ein historisk person, ein fantasiomspunne figur i dei folkelege segnene på øya Réunion, og ein heltefigur som høyrer fiksjonen til. Ifylgje ei legende som verserte på folkemunne, og som har vore attgjeve av fleire forfattarar i ulike versjonar, skal Olivier Levasseur ha kasta eit kryptogram, eit koda brev, inn i folkemengda rett før han døyde under avrettinga ved henging 7. juli 1730, og skrike ut at skatten hans skulle tilhøyre den som forstod å finne han. På det viset har Olivier Levasseur og den store skatten han skal ha gøymt unna ein eller annan stad, gått inn i den kulturelle arven som har med Indiahavet å gjere.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne