لطنة عُمانS Saltanat Uman (norsk: Oman, omansk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Nashid as-Salaam as-Sultani» | ||||||
Motto | Ingen | ||||||
Offisielle språk | Arabisk | ||||||
Hovudstad | Muscat | ||||||
Styresett |
Monarki (Sultanat) Haitham bin Tariq Al Said | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
309 500 km² (70.) 0 % | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Tettleik |
3 424 386 (133.) 11,1 /km² (180.) | ||||||
Sjølvstende Frå Portugal |
1650 | ||||||
Nasjonaldag | 18. november | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar |
171 700 mill. USD (66.) 47 500 USD (23.) | ||||||
Valuta | Omansk rial (OMR) | ||||||
Tidssone | UTC +4 | ||||||
Telefonkode | +968 | ||||||
Toppnivådomene | .om
|
Oman (arabisk عمان, ʻUmān), offisielt Sultanatet Oman (arabisk سلطنة عُمان, Salṭanat ʻUmān), er eit arabisk land på søraustkysten av Den arabiske halvøya. Det har ei strategisk viktig plassering ved munningen av Persiabukta, med grense til Dei sameinte arabiske emirata i nordvest, Saudi-Arabia i vest og Jemen i sørvest, og ei maritim grense med Iran og Pakistan. Kysten er forma av Arabiahavet i søraust og Omanbukta i nordaust. Eksklavane Madha og Musandam er omgjevne av UAE med Hormuzsundet og Omanbukta langs kysten av Musandam.
Frå seint på 1600-talet var det omanske sultanatet eit mektig rike, og kjempa med Portugal og Storbritannia om makt i Persiabukta og Indiahavet. På det største på 1800-talet strekte den omanske makta seg over Hormuzsundet til dagens Iran og Pakistan, og så langt sør som Zanzibar (i dag ein del av Tanzania).[1] Då makta vart svekt på 1900-talet, kom sultanatet under britisk påverknad. Historisk var Muscat den viktigaste hamnebyen kring Persiabukta, og ei av dei viktigaste i Indiahavet. Den offisielle religionen i Oman er islam.
Oman er eit absolutt monarki.[2] Sultanen Qaboos bin Said al Said herska over landet frå 1970 til han døydde i 2020.[2] Han var lenge den lengstsitjande statsleiaren i Midtausten.[3] Stoda til menneskerettane i Oman har vorte kritisert.[4][5][6]
I motsetnad til dei ressursrike nabolanda, har Oman berre moderate oljereservar, og er rangert på 25. plass globalt.[7][8] Likevel rangerte UNDP i 2010 Oman som det landet som har utvikla seg mest i løpet av dei føregåande 40 åra. Oman er kategorisert som høginntektsland og er rangert som det 59. mest fredelege landet i verda ifylgje Global Peace Index.[9][10]
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet rule
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet prev
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet bti