Omleiringa av Bouchain | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Del av den spanske arvefølgjekrigen | |||||||
| |||||||
Partar | |||||||
Storbritannia Dei sameinte Nederlanda Habsburg-Austerrike |
Frankrike[1] | ||||||
Kommandantar | |||||||
Hertugen av Marlborough | Claude Villars | ||||||
Styrkar | |||||||
85 000 | 90 000 | ||||||
Tap | |||||||
4 080 | 6 000 drepne eller skadde 2 500 tekne til fange |
Flamske og rhinske felttog Friedlingen – Kehl – Ekeren – Höchstädt – Speyerbach – Schellenberg – Blenheim – Elixheim – Ramillies – Stollhofen – Oudenarde – Beachy Head – Lizard Point – Wijnendale – Lille – Malplaquet – Bouchain – Denain Italienske felttog |
Omleiringa av Bouchain (9. august - 12. september 1711), etter passasjen av Ne Plus Ultra-linjene (5. august 1711), var ei omleiring under den spanske arvefølgjekrigen og den siste store sigeren til John Churchill, 1. hertug av Marlborough. Marlborough braut gjennom den franske forsvarslinja utan å tape ein mann i kamp, og tok Bouchain etter ei 34 dagar lang kringsetjing. Etter å ha teke denne byen låg berre festninga Cambrai mellom den allierte armeen og Paris.