Omleiringa av Cuneo | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Del av niårskrigen | |||||||
| |||||||
Partar | |||||||
Frankrike | Hertugdømet Savoie Det tysk-romerske riket | ||||||
Kommandantar | |||||||
Marquis de Feuquières Vivien de Bulonde |
Victor Amadeus II av Sardinia | ||||||
Styrkar | |||||||
Garnisonen + 2500 mann sterk hjelpestyrke[1] | |||||||
Tap | |||||||
~700–800[2] |
Omleiringa av Cuneo vart utkjempa den 28. juni 1691 under niårskrigen i Piemonte-Savoie, i dagens Nord-Italia. Omleiringa var ein del av felttoget til kong Ludvig XIV mot Victor Amadeus, hertugen av Savoie, som hadde gått inn i Storalliansen året før. Omleiringa var eit forsøk på å få eit fotfeste i Piemonte, slik at marskalk Catinat og armeen hans då kunne overvintre aust for Alpane. På grunn av inkompetanse hos dei to franske kommandantane og at ein styrke frå keisaren nådde fram til byen, vart omleiringa mislukka. Resultatet var at franskmennene mista mellom 700 og 800 mann. Sjølv om dei franske styrkane hadde teke Nice i vest og Montmélian i nord, var den vesle styrken til Catinat dårleg utrusta og tvungen på defensiven. Ludvig XIV gav så Amadeus eit generøst fredstilbod, men hertugen, som no hadde fått forsterkingar frå Det tysk-romerske riket, rekna seg sjølv mektig nok til å halde fram kampen.