On Silent Wings Singel av Tina Turner med Sting frå albumet Wildest Dreams | ||
B-side |
«Do Something» | |
---|---|---|
Utgjeve | 8. juni 1996 | |
Sjanger | Countrypop, softrock | |
Lengd | 4:22 | |
Selskap | Parlophone Records | |
Låtskrivar(ar) | Tony Joe White & James Ralston | |
Produsent | Trevor Horn | |
Tina Turner med Sting-kronologi | ||
«Whatever You Want» (1996) |
On Silent Wings | «Missing You» (1996)
|
«On Silent Wings» er ein song av Tina Turner med gjestevokal frå Sting. Singelen kom ut i april 1996 for å marknadsføre albumet Wildest Dreams. Singelen gjorde det ganske bra på Adult Contemporary-lista i USA, der han nådde 24. plassen. Singelen vart ein større suksess i Storbritannia og nådde 13. plassen på lista der. Singelen inneheldt ein countryaktig singelversjon med meir gitar på. Denne versjonen kom seinare ut på samleplata All the Best i 2004, i tillegg til andre alternative versjonar av songen.
Dance-versjonen av «On Silent Wings» var remiksa av Soul Solution og nådde 47. plassen på den amerikanske dance-lista.
På musikkvideoen til singelen står Turner på kanten av ei klippe kledd i ein kvit kjole. Innimellom vert det synt klipp frå konsertopptak.