One from the Heart Filmmusikk av Tom Waits | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1982 | |
Innspelt | Oktober 1980 til september 1981 | |
Sjanger | Jazz, viser | |
Lengd | 41:45 | |
Selskap | CBS | |
Produsent | Gray Frederickson | |
Tom Waits-kronologi | ||
---|---|---|
Heartattack and Vine (1980) |
One from the Heart | Swordfish trombones (1983)
|
One from the Heart er eit filmmusikkalbum av Tom Waits for Francis Ford Coppola-filmen med same namn, One from the Heart. Det vart spelt inn frå oktober 1980 til september 1981 og kom ut i 1982. Det var under innspelinga av dette albumet at Waits møtte kona si Kathleen Brennan. Ho var tilsett i studioet der albumet vart spelt inn og kom til å påverke Waits stort i den seinare musikkarrieren hans.
Crystal Gayle medverkar på store delar av albumet, anten med solovokal eller i duett med Waits. Filmmusikken vart nominert til ein Oscar for beste filmmusikk.
Filmen kom ut på DVD i 2004 med ny og betre lyd av filmmusikken, ein dokumentar om korleis filmmusikken vart laga og tidlegare demoinnspelingar og alternative utgåver som ikkje hadde vore gjevne ut før.