One Vision Singel av Queen frå albumet A Kind of Magic | ||
B-side |
Blurred Vision | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 4. november 1985 (UK) 20. november 1985 (US) | |
Innspelt | September 1985 | |
Sjanger | Hardrock | |
Lengd | * 4:02 (singel)
| |
Selskap | EMI, Capitol | |
Komponist | Freddie Mercury, Brian May, Roger Taylor, John Deacon | |
Tekstforfattar | Freddie Mercury, Brian May, Roger Taylor, John Deacon | |
Låtskrivar(ar) | Queen | |
Produsent | Queen, Reinhold Mack | |
Queen-kronologi | ||
«Thank God It's Christmas» (1984) |
One Vision | «A Kind of Magic» (1986)
|
«One Vision» er ein song skriven og spelt inn av det britiske rockebandet Queen. Han vart først gjeven ut på singel i november 1985, og så på albumet deira A Kind of Magic i 1986. Han var opphavleg skriven av Roger Taylor.[1][2]
Det er spekulert i om songen anten var inspirert av framføringa til bandet på Live Aid tidlegare i 1985, eller av livet og gjerningane til Martin Luther King, med ein tekst som omhandlar ein mann som kjempar mot alle odds og overvinn dei til slutt.[2] I ein BBC-dokumentar frå 2011, Queen: Days of Our Lives, sa Taylor at teksten «dels var teken frå den kjende talen til Martin Luther King».[3] I musikkvideoen til songen vert det nytta ein glidande transformasjon mellom det kjende bilete av bandet frå «Bohemian Rhapsody» i 1975 til den same posituren i 1985. Songen vart spelt på alle konsertane til Queen på The Magic-turneen, som opningssongen på kvar konsert.[4] Dei hevda dei valde «One Vision» som første song, fordi introen var ein perfekt konsertstart.