Opera Software | |||
![]() | |||
Org.form | Allmennaksjeselskap | ||
---|---|---|---|
Org.nr. | 916368127, 974529459 | ||
Bransje | Programvareutvikling, internettbransjen, programvarebransje, marknadsføring | ||
Skipa | 1994 | ||
Eigar | Folketrygdfondet | ||
Hovudkontor | Oslo, Oslo | ||
Land | Noreg | ||
Produkt | Nettlesaren Opera, Opera Coast, Opera Mail, Opera Mini, Opera Mobile, programvare, Opera GX | ||
Tenester | mobilapplikasjon, datakomprimering | ||
Grunnleggjar(ar) | Geir Ivarsøy | ||
Adm.dir. | Jon Stephenson von Tetzchner, Lars Boilesen | ||
Resultat | -15 400 000 USA-dollar (2017)[1] | ||
Nettstad | https://www.opera.com/ (engelsk) |
Opera Software ASA (OSE: OPERA) er eit børsnotert selskap som utviklar nettlesaren Opera for PC-ar, handhaldne maskinar (som f.eks. mobiltelefonar) og fleire andre plattformar. Opera Software ASA blei børsnotert ved Oslo Børs i 2004. Selskapet har ein market cap på 1,8 milliardar kroner. Gründer og dagleg leiar Jon Stephenson von Tetzchner er største aksjonær.
Nettlesaren er verdast tredje mest populære. Den er kjend for å vere liten og rask, og for å følgje industristandardane. Opera Software samarbeider blant anna med IBM, Nokia, Motorola, Macromedia, Canal+ Technologies og Ericsson. Hovudkvarteret ligg i Oslo, men selskapet har og kontor i Sverige, Kina, Japan, Sør-Korea, Polen, Tsjekkia, Taiwan, India og USA.
Opera jobbar i samarbeid med Nintendo for å skape ein integrert nettlesar til spelkonsollen Wii. Ein versjon av nettlesaren har allereie blitt utgjeven.