Operette (frå italiensk operetta, 'liten opera' eller 'lite verk') er eit musikalsk lystspel med song, tale og ofte også dans. På forma minnar operettar om opera, men dei er musikalsk og tematisk lettare og meir tilgjengelege for publikum. Hovudmotivet i ein operette er ikkje sjeldan ei sentimental kjærleikssoge, gjerne med komisk og parodisk tilsnitt.
Operette som eigen musikkteater-sjanger oppstod i Paris på 1850-talet. Få år seinare blei det oppført tyskspråklege operetter i Wien. Operettane blei ein populær sjanger, der særleg wieneroperetten med ei rekke kjende songar slo an. Operettesjangeren kan reknast som ein forløpar til moderne musikalar og musikkspel.