Oppstadvev

Rekonstruert oppstadvev i Arkeologisk museum i Castello Sforzesco i Milano i Italia.
Foto: Giovanni Dall'Orto
Rekonstruksjon av ein vertikal neolittisk vevstol med garnhovler. Nasjonalt museum for tekstilindustrien i Sliven i Bulgaria

Oppstadvev, oppstadgogn (av norrønt uppstaða, «det å stå oppreist» og gogn, «reiskap») eller grenevev er ein urgammal type vevstol som er kjend frå arkeologiske funn frå heile Europa. Det mest typiske er at veven står oppreist mot ein vegg, og at renningstrådane blir stramma med lodd. Ein reknar med at vevar som dette har eksistert frå steinalderen, fleire tusen år før Kristus. I Noreg var denne typen vev framleis i bruk midt på 1900-talet, med den sterkaste tradisjonen innan sjøsamisk kultur der vevtypen var knytt til greneveving.

Øvst på veven ligg den vassrette tøybommen som renninga er festa til. Renninga blir halden stram med fritthengande vevlodd, kljåsteinar. Det heile blir bore av ståande stolpar som ofte er sette opp mot ein vegg. Ofte har veven ei enkel form for skaft og hovler. Renningstrådane blir bunta og kljåsteinane blir bundne til desse.[1] Vevinga skjer ovanfrå og ned. Ein har funne restar av oppstadvevar i arkeologiske funnstader frå steinalderen i Sentral-Europa. Oppstadveven er avbilda på keramikkgjenstandar frå bronsealderen i Hellas og var vanleg i heile Europa. Kljåsteinar frå bronsealderen er kjende frå arkeologiske funn mange stader, m.a. frå Hellas, England og Noreg.[2]

  1. Burnham 1980
  2. Gleba, Margarita og Joanne Culter.

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne