Ein ordklasse er ei gruppe av ord (meir presist leksem) som har felles eigenskapar når det gjeld bøyingsformer (morfologi) eller setningsfunksjon (syntaks). I tradisjonell grammatikk har ein også brukt tydinga av orda (semantikk) som grunnlag for inndeling i ordklassar. Det er vanleg å dela ordklassane inn i to grupper, opne og lukka ordklassar.
Talet på ordklassar varierer etter kva inndelingskriterium som blir lagde til grunn. Språk varierer også seg i mellom, så sjølv med eit konstant sett av inndelingskriterium vil talet på ordklasser variere frå språk til språk. For norsk har ordklasseinndelinga vorte diskutert det siste tiåret, etter at Norsk referansegrammatikk i 1997 la fram ei ordklasseinndeling som skilde seg frå den som hadde vore i bruk tidlegare, jf. ordklassar i norsk for ei drøfting. Skilnaden mellom dei ulike inndelingane er eit resultat av bruk av ulike inndelingskriterium. Desse inndelingskriteria er av ulike typar.