Ordtaket «Eg vil heller bu med løver og drakar enn ei ond kvinne» frå den apokryfiske visdomsboka Siraks bok, gjengjeve i ein tysk biletbibel frå 1751.Mange ordspråk stammar frå kjende historier. «Å gjere nokon ei bjørneteneste» vil seie å skade den ein vil hjelpe. Det ordspråkliknande uttrykket stammar frå Jean de La Fontainesfabel om bjørnen som drap herren sin då han ville slå i hel ei fluge på nasen hans. Illustrasjonen er av Gustave Doré.«Å rette bakar for smed», er eit uttrykk for å gje feil person skulda, og stammar frå Johan Herman Wessel (1742-1785) sitt dikt Smeden og Bageren. Her er ei scene frå diktet illustrert av Theodor Kittelsen.Ordspråk finst over heile verda, teksten her viser det kinesiske ordspråket Bing feng san chi, jue fei yi ri zhi han, det vil seie «Tre fot is kjem ikkje etter éin dags kulde».Il faut hurler avec les Loups- «Ein får tute med dei ulvane som er ute».Både Forkynnaren og Ordstøka i Bibelen inneheld visdomsord tillagt kong Salomo. Bildet viser eit sitat frå Forkynnaren 10, 8 gjengjeve i ein tyskspråklig biletbibel frå 1751: Den som grev ei grav, kan sjølv detta nedi; den som riv ein mur, kan ormen bita.
Ordtak, ordspråk eller ordtøke er korte, velformulerte og poengterte setningar som på ein konkret måte uttrykkjer livsvisdom, allmenngyldige sanningar, røynsler, levereglar eller vurderingar av forskjellig slag. Omgrepet «ordtak» vert særleg brukt om folkelege uttrykk utan kjend forfattar. Dei kan vere internasjonale, nasjonale og regionale, og finst i ei nærast uendeleg mengd og variantar. Ordtøke vert rekna som ein del av folkediktinga, og gir uttrykk for kultur og verdisyn i ei folkegruppe.