Orkla Media var den delen av Orkla-konsernet som av engasjert i drift av medieverksemder, no Edda Media. Selskapet vart ein av tre store medieeigarar i Noreg i 1990-åra og litt ut på 2000-talet. Dei to andre var A-pressen og Schibsted.
Orkla Media eigde mange verksemder innan dagspresse, vekepresse, elektronisk publisering, lokalradio/-fjernsyn og rein marknadsføring i mest heile Norden (Noreg, Sverige, Danmark, Finland, Polen, Litauen og Ukraina).
Orkla gjorde si første investering i mediemarknaden då Orkla Industrier kjøpte ein aksjepost i Janco Kabel-TV i 1983. Det første aviskjøpet vart gjennomført året etter, då partiet Høgre selde ut sin eigen aksjepost på 40% i avisa Nordstrand Østre Aker Blad (I dag; Nordstrands Blad). Orkla kjøpte aksjeposten for fire millionar kroner.
Orkla Media har tradisjonelt sett kjøpt opp medieverksemder i Austlandsområdet.