Oskefisen

Oskefisen og prinsessa, teikna av Erik Werenskiold

Oskefisen eller Oskeladden er nemninga på helten i mange norske folkeeventyr. Namnet hans er til vanleg Espen, men han kan og heite til dømes Johannes (brørne heiter støtt Per og Pål). I fleire eventyr er guten husmannsson, eller bondeson, men namnet kan og vera nytta om ein kongsson, berre han er yngst, og rekna som lite tess.

Namnet «oskefis» peiker mot rolla guten har i byrjinga av eventyra. Han sit for det meste og grev i oska på peisgrua, medan dei eldre brørne gjer gardsarbeid og er til nytte. Namnet peikar mot at han har til oppgåve å halde elden på grua ved like, noko han gjer ved å blåse til han (eller fise, som tyder mest det same). Han blir beint fram rekna som "ein liten fis" av dei eldre brørne. Eventyra syner stort sett at det er nett oskefisen/ladden som vinn til sist, av di han har hellet og vitet med seg, og av di han gjer gaum på det dei eldre brørne ikkje ensar.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne