59°54′47″N 10°43′47″E / 59.91306°N 10.72972°E / 59.91306; 10.72972
Oslo Konserthus har inngangen som ei innebygd bru over gata Munkedamsveien . Huset står på søylar, og under det er det ein parkeringsplass for personbilar. Foto: Hans A. Rosbach
Inngangspartiet til Oslo Konserthus, og plassen framføre huset, som har namnet Johan Svendsens plass etter den norske komponisten Johan Svendsen . Tilkomsten til plassen og konserthuset er frå gata Ruseløkkveien . Skulpturen til venstre er Turid Angell Engs «Heptakord», og til høgre Harald Oredams «Jordemusikk»Foto: Bengt Oberger
Oslo Konserthus er eit konserthus som ligg meir eller mindre inneklemt mellom kontorblokkene i bydelen Vika i Oslo . Tilkomsten til hovudinngangen på Johan Svendsens plass er frå Ruseløkkveien . Sceneinngangen har tilkomst frå Munkedamsveien .
Oslo kommune er eigar av konserthuset, som er tilhaldsstaden for Oslo Filharmoniske Orkester . Konserthuset vart opna 22. mars 1977.