Oslo katedralskole er ein vidaregåande skole i Oslo med røter tilbake til mellomalderen og den opplæringa som kyrkja stod for. Skolen er i dag ei privat stifting (Stiftelsen Oslo katedralskole) som sjølv eig bygningen og det eineståande biblioteket, som er det eldste i Noreg. Sjølve skoledrifta er likevel kommunal (fylkeskommunal), til liks med andre offentlege vidaregåande skolar.
Katedralskolen er kjend som «Katta» på folkemunne.