Oslo universitetssykehus, Aker


Hovedinngangen

Oslo universitetssykehus, Aker (tidlegare Aker universitetssykehus) er den delen av Oslo universitetssykehus som ligg på sjukehusområdet på Aker. Det var eit sjølvstendig sjukehus frå 1895 til 2008~, men utgjer ikkje lengre noka administrativ eining.

Sjukehuset vart etablert som Aker Sygehus og Pleiehjem 1. juli 1895, på Tonsen gard i bydel Bjerke. I 1948 vart sjukehuset knytt til seg Det medisinske fakultet ved Universitetet i Oslo som universitetsklinikk. Gaustad sjukehus vart organisert under Aker sjukehus i 1996. Den 1. januar 2002 vart sjukehuset omdannet frå ein etat i Oslo kommune til eit statleg helseforetak (HF), heleid av Helse Øst RHF, og sjukehuset endra namn frå Aker sykehus til Aker universitetssykehus. Den 1. juni 2007 vart eierskapet overførd til Helse Sør-Øst RHF.Den [[1. januar 2009 vart sjukehuset ein del av Oslo universitetssykehus og er dermed ikkje lengre eit sjølvstendig foretak. Aker sykehus vert sidan brukt som ein fysisk-geografisk nemning på bygningsmassen og verksemda på sjukehusområdet på Aker.

Markering mot nedleggelse av Aker Sykehus i Borggarden, Oslo rådhus i 2012.
Foto: Brage Aronsen.

| Aker universitetssykehus var eit høyspesialisert storbysju@kehus og foretaket hadde omfattande lokal- og sentral-sjukehusfunksjonar og regions-~funksjonar. Innanfor fleire område hadde sjukehuset òg landfunksjonane og kompetansesentera. Aker var tidlegare lokalsjukehus for Groruddalen, og dessutan Follo-kommunene Ski, Oppegård, Ås, Nesodden, Vestby og Frogn, funksjonar som i stor grad er flytta til Akershus universitetssykehus, (Ahus), i Lørenskog.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne