Ost

Ost på ein marknad i Basel.

Ost (norrønt ostr)[1] er eit meieriprodukt som vert laga av mjølk (eller eit anna mjølkeprodukt) ved at protein og feittinnhaldet får stivne (koagulere) og at resten, i hovudsak vatn og vassløyselege stoff, vert skilt ut. Osten består i hovudsak av feitt, protein (kasein) og kalsium, og ei avskild vassløysing av vatn, vatnoppløyselege protein, mjølkesukker (laktose) og ein del mineral og vitamin.

Ku-, geite- og sauemjølk er dei mest vanlege mjølketypane som blir brukt til produksjon av ost. Men mjølk frå mellom anna reinsdyr, esel, lama, vassbøffel, kamel, hest, sebra og jak blir òg brukt.

Ost er eit konsentrert mjølkeprodukt – det går med ca. 10 liter mjølk til 1 kg ost.

  1. «ost» i Nynorskordboka.

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne