Outlaws Studioalbum av Outlaws | ||
Utgjeve | Juli 1975 | |
Innspelt | Mars 1975 | |
Studio | Elektra Sound Recorders i Los Angeles | |
Sjanger | Southern rock, countryrock | |
Lengd | 41:15 | |
Selskap | Arista | |
Produsent | Paul A. Rothchild | |
Outlaws-kronologi | ||
---|---|---|
Outlaws | Lady in Waiting (1976)
| |
Singlar frå Outlaws | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Christgau's Record Guide | C–[2] |
Outlaws er debutalbumet til den amerikanske southern rock-gruppa Outlaws, gjeve ut i 1975. Albumet inneheld rockeklassikaren «Green Grass & High Tides», som av mange vert rekna blant dei største gitarsongane, i tillegg til hitsingelen «There Goes Another Love Song».[1]
Musikken deira på albumet var inspirert av southern rock-gruppene The Allman Brothers og Lynyrd Skynyrd, i tillegg til folkrock- og countryrockband som The Byrds, Poco, Eagles og New Riders of the Purple Sage. Dei utvikla ut frå dette ein unik, sterkt drivande countryrockstil, med den kjappe, countryaktige gitarspelinga til Hughie Thomasson, i lag med harmonivokal i tre og fire delar. Dei nytta òg element av bluegrass.
Bandet hadde tre forskjellige frontmenn: Thomasson, Henry Paul og Billy Jones, som alle skreiv songar og delte solovokal. Songane Paul skreiv og song på, «Song in the Breeze», «Stay with Me» og «Knoxville Girl», gav albumet ein smak av country, medan Jones slo seg saman med Thomasson for å skape ein hard southern rock-gitarstil som fokuserte på duellerande gitarlinjer.
Med ei blanding av southern rock, countryrock og hardrock fekk albumet god kritikk då det kom ut og bandet vart eit populært konsertband. Det nådde 13. plassen på den amerikanske Billboard 200-lista.