Outside-turneen Turné av David Bowie | ||
Stad | Nord-Amerika Europa | |
Tilknytt(e) album | 1. Outside | |
Startdato | 14. september 1995 | |
Sluttdato | 20. februar 1996 | |
Talet på konsertar | 68 | |
Konsertkronologi | ||
---|---|---|
Sound+Vision-turneen (1990) |
Outside-turneen | Outside sommarfestivalturné (1996) |
Konsertkronologi for Nine Inch Nails | ||
Self Destruct-turneen (1994–95) |
Outside-turneen | Fragility-turneen (1999–2000) |
Outside-turneen var ein konsertturné av den engelske rockemusikaren David Bowie, som opna i september1995 og varte i fem månader. Opningskonserten gjekk før albumet 1. Outside kom ut, som turneen er kalla opp etter. Turneen vitja Nord-Amerika og Europa. and Europe.
På den amerikanske turneen delte Bowie scene med Nine Inch Nails, som overlappa konserten til Bowie og danna eit samanhengande show. Morrissey var oppvarmingsartist for den europeiske delen av turneen, men trekte seg etter ni konsertar. På utvalde konsertar framførte Reeves Gabrels songar frå albumet The Sacred Squall of Now i tillegg til at han spelte med Nine Inch Nails og David Bowie.
Offisielle konsertopptak frå turneen, Ouvre le Chien (Live Dallas 95) kom ut i juli 2020 og No Trendy Réchauffé (Live Birmingham 95) i desember 2020.
I ei lesarundersøking i Rolling Stone i 2012 vart turneen (Nine Inch Nails med Bowie) kåra til ein av dei 10 beste oppvarmingsartistane i rockehistoria.[1]