Ozzy Osbourne | |||
![]() Osbourne i 2010 | |||
Fødd | 3. desember 1948 (76 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Marston Green i Warwickshire i England | ||
Fødenamn | John Michael Osbourne | ||
Alias | Ozzy Osbourne | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | Sidan 1967 | ||
Sjanger | |||
Instrument | Synging | ||
Stemmetype | tenor | ||
Tilknytte artistar | |||
Plateselskap | |||
Verka som |
| ||
Mor | Lillian Unitt | ||
Far | Jack Osbourne | ||
Gift med | Thelma Riley, Sharon Osbourne | ||
Born | Elliot Kingsley, Jessica Osbourne, Louis Osbourne, Aimee Osbourne, Kelly Osbourne, Jack Osbourne | ||
Prisar | Grammypris for beste Metal-band, stjerne på Hollywood Walk of Fame, Rock and Roll Hall of Fame |
John Michael «Ozzy» Osbourne (fødd 3. desember 1948) er ein engelsk songar, låtskrivar og TV-personlegdom. Han vart kjend på 1970-talet som solovokalist i heavy metal-bandet Black Sabbath, og i denne perioden fekk han kallenamnet »Prince of Darkness«.[5]
Fødd i Marston Green og oppvakse i Birmingham, vart Osbourne eit av grunnleggjarane av Black Sabbath i 1968, og var solist frå det sjølvtitulerte debutalbumet i 1970 til Never Say Die! i 1978. Bandet hadde stor innverknad på utviklinga av heavy metal, spesielt dei kritikarroste utgivingane Paranoid, Master of Reality og Sabbath Bloody Sabbath. Osbourne fekk sparken frå Black Sabbath i 1979 på grunn av alkohol- og narkotikaproblem, men fekk ein vellykka solokarriere og har gitt ut 13 studioalbum, og dei sju første fekk multiplatinum-sertifiseringer i USA. Osbourne har sidan gjenforeina seg med Black Sabbath ved fleire høve. Han kom tilbake i 1997 og var med på å spela inn det siste studioalbumet i gruppa, 13 (2013), før dei la ut på ein avskjedsturné som vart avslutta med ein opptreden i heimbyen Birmingham i februar 2017. Hans lange levetid og suksess har gitt han den uformelle tittelen «Godfather of Metal».[6][7].
Osbournes totale albumsal frå åra i Black Sabbath, kombinert med soloarbeidet hans, er på over 100 millionar.[8][9] Han vart innlemma i Rock and roll Hall of Fame som medlem av Black Sabbath og i UK Music Hall of Fame som soloartist og som medlem av bandet. Han har vorte heidra med stjerner på Hollywood Walk of Fame og Birmingham Walk of Stars. På MTV Europe Music Awards 2014 fekk han Global Icon Award. I 2015 fekk Osbourne Ivor Novello Award for Lifetime Achievement frå British Academy of Songwriters, Composers and Authors.
På byrjinga av 2000-talet vart Osbourne ein reality-tv-stjerne, og opptredde som seg sjølv i MTV-realityprogrammet The Osbournes saman med kona og manageren Sharon og to av dei tre barna deira, Kelly og Jack. Han speler saman med Jack og Kelly i tv-serien Ozzy & Jack's World Detour. Den tredje sesongen i serien hadde premiere i juni 2018