PDA, forkorting for Personal Digital Assistant eller Personleg Digital Assistent, er ei lita personleg datamaskin som mellom anna kan halde orden på avtalar og kontaktar. Maskinen er og ofte kalla ein «digital filofax», og dei fleste har pennbasert inndata. Tidlege versjonar hadde enkle funksjonar som kalkulator, avtalebok og adressebok. I tillegg kunne ein legge inn eit begrensa antal program på maskina på det faste minnet som var på under ein megabyte. Moderne maskiner har prosessorar som kan samanliknast med datamaskiner frå få år tilbake, og kan ofte spele film, musikk og 3D-spel.