pH er eit mål som vert brukt innan kjemi for å seia noko om kor sur eller basisk ei løysing er i ein vassløysning. Det er ein logaritmisk skala som går frå 0 til 14, der 7 er nøytral. Alt under 7 i pH vert rekna som syrer/surt, og alt over 7 i pH vert rekna som basar/basisk. Til dømes har reint vatn ein pH-verdi på omtrent 7 og dermed nøytralt, medan 1 M ammoniakk har ein pH på om lag 11,6, og dermed basisk.[1] H3O+-konsentrasjonen aukar med ein tiarpotens når pH-verdien minkar med éi eining, to tiarpotensar når pH-verdien minkar med to einingar, osb. Ei løysing med pH-verdi lik 4 inneheld , det vil seia 1000 gonger, fleire H3O+-ion enn ei løysing med pH-verdi lik 7.
Det skal mikroskopiske mengder syre til for å redusera pH-verdien frå 7 til 6 i reint vatn, altså for å endra mengda H3O+ frå M til . Dess lågare pH-verdien er, dess meir syre treng ein for å endra pH-verdien ei eining.
Forkortinga pH er engelsk for «potential of Hydrogen».