Pacific Ocean Blue Studioalbum av Dennis Wilson | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 22. august 1977 | |
Innspelt | 1971 («River Song»), 12. februar 1975 til 22. mars 1977 i Brother Studios i Santa Monica i California | |
Sjanger | Rock,[1] pop[1] | |
Lengd | 37:15 | |
Selskap | Caribou | |
Produsent | Dennis Wilson, Gregg Jakobson | |
Dennis Wilson-kronologi | ||
---|---|---|
Pacific Ocean Blue | Bambu (The Caribou Sessions) (2017) | |
Singlar frå Pacific Ocean Blue | ||
|
Pacific Ocean Blue er det einaste soloalbumet den amerikanske musikaren Dennis Wilson gav ut medan han levde. Wilson var medlem i The Beach Boys.[2] Då albumet kom ut i august 1977 fekk det god kritikk,[3] og selde betre enn Beach Boys sine eigne album på denne tida.[4] Det vart gjeve ut to singlar frå albumet, «River Song» og «You and I», men ingen av dei selde godt nok til å gå inn på singellista.
Albumer er framleis midtpunktet i ettermælet til Wilson,[5] og vert i dag rekna som ein «klassikar».[2][6][7][8] Wilson meinte å spele inn ein oppfølgjar, kalla Bambu, men albumet var enno ikkje ferdig då han døydde i desember 1983.[5][9]
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet AllMusic
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Doe