Paeroa

Paeroa
by
Land  New Zealand
Region Waikato
Folketal 4 310 (30. juni 2018)
Kart
Paeroa
37°22′59″S 175°40′26″E / 37.383°S 175.674°E / -37.383; 175.674
Wikimedia Commons: Paeroa

Paeroa er ein liten by på New Zealand. Han ligg nord i regionen Waikato, i eit område som er kalla Thames Valley, ved foten av Coromandelhalvøya. Elvene Waihou og Ohinemuri River går saman i nærleiken av byen, og han ligg 20 km frå kysten i havbukta Firth of Thames.

Innbyggjartalet var {{formatnum:3975]] ved folketeljinga i 2006.

Paeroa er kjend for mineralvasskjeldene sine, som sørgjer for vatnet som vert brukt i ein lokalt framstilt leskedrikk som har vorte populær over heile New Zealand, Lemon & Paeroa.

Lemon & Paeroa (eller L&P) har eit spøkefullt slagord: «World Famous in New Zealand» (Verdskjend på New Zealand), og kanskje står ei av dei største leskedrikkstatuene i verda i byen. (L&P er no eigd av Coca-Cola.)

  1. 1,0 1,1 1,2 http://nzdotstat.stats.govt.nz/wbos/Index.aspx?DataSetCode=TABLECODE8318.
  2. 2,0 2,1 2,2 http://nzdotstat.stats.govt.nz/wbos/Index.aspx?DataSetCode=TABLECODE7981.

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne