Paleogen 65.5–23.03 millionar år sidan
| |
Gjennomsnittleg O2-innhald i perioden | ca. 26 vol %[1] (130 % av dagens nivå) |
Gjennomsnittleg CO2-innhald i atmosfæren i perioden | ca. 500 ppm[2] (2 gonger førindustrielt nivå) |
Middeltemperaturen ved jordoverflata i perioden | ca. 18 °C [3] (4 °C over dagens nivå) |
Hendingar i kenozoikum -65 — – -60 — – -55 — – -50 — – -45 — – -40 — – -35 — – -30 — – -25 — – -20 — – -15 — – -10 — – -5 — – 0 — Ein tilnærma tidsskala for hendingar i kenozoikum. Skala: Millionar år sidan |
Paleogen er ein geologisk periode på den geologiske tidsskalaen som saman med det etterfylgjande neogen utgjer kenozoikum (Jordas nytid). Paleogen byrja for 65,5 millionar år sidan og slutta for 23 millionar år sidan. Perioden vart definert av Carl Friedrich Naumann i 1866. Tidlegare vart jorda si nytid delt i tertiær og kvartær, men denne inndelinga vart endra i 2004 av International Commission on Stratigraphy. Paleogen omfatta berre den eldste delen av tertiær.