دولة فلسطين
(norsk: Staten Palestina, palestinsk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Offisielle språk | arabisk | ||||||
Hovudstad | Ramallah (Adm.senter) Jerusalem (Aust) (Proklamert) | ||||||
Flatevidd – Totalt |
6 020 km² | ||||||
Folketal – Estimert (2023) – Tettleik |
5 483 450 (121.) 731/km² | ||||||
Sjølvstende |
uavklart | ||||||
BNP – Totalt (2023) – Per innbyggjar |
36 391 (138.) 6 642 (140.)
| ||||||
Kart over Staten Palestina: |
Palestina (arabisk فلسطين, romanisert Filasṭīn, offisielt Staten Palestina; arabisk دولة فلسطين, romanisert Dawlat Filasṭīn) er eit land i Vest-Asia ved søraustkysten av Middelhavet. Det omfattar to fråkopla territorium – Vestbreidda og Gazastripa, samla kjent som dei palestinske territoria – innan den større Palestina-regionen. Landet grensar til Israel i nord, vest og sør, Jordan i aust og Egypt i sørvest. Palestina har ei samla flatevidd på 6 020 km² med meir enn 5 millionar innbyggjarar. Den proklamerte hovudstaden er Jerusalem, medan Ramallah i røynda er den administrative hovudstaden. Det offisielle språket er arabisk, og religionen hovudsakleg islam, men med ein tydeleg kristen minoritet.