República de Panamá
(norsk: Panama, panamansk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Himno Istmeño» | ||||||
Motto | Ikkje noko | ||||||
Offisielle språk | Spansk | ||||||
Hovudstad | Panama by | ||||||
Styresett |
Republikk Juan Carlos Varela | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
75 420 km² (117.) 2,9 % | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Tettleik |
3 753 142 (128.) 49,8 /km² (130.) | ||||||
Sjølvstende - Erklært |
frå Colombia 3. november 1903 | ||||||
Nasjonaldag | 3. november | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar |
82 180 mill. USD (86.) 21 800 USD (64.) | ||||||
Valuta | Balboa | ||||||
Tidssone | UTC -5 | ||||||
Telefonkode | +507 | ||||||
Toppnivådomene | .pa
|
Panama er ein republikk i Latin-Amerika og ligg heilt sør i Mellom-Amerika med grense til Colombia i aust og Costa Rica i vest og kyst mot Atlanterhavet i nord og Stillehavet i sør. Panama er eit transkontinentalt land og ligg som ei bru mellom Nord- og Sør-Amerika.
Den relativt unge republikken var ein del av Colombia fram til 1903. Frå 1999 overtok Panama kontrollen over Panamakanalen og landområdet rundt, som bind saman Atlanterhavet med Stillehavet og utgjer ein viktig og strategisk del av landet.