Pannemerke er nokre av dei tydelegaste teikna på religion som blir brukt av mange hinduar. Det finst ulike undergrupper av slike merke, der prikken i panna som kvinner ber er den best kjende. Pannemerka blir ofte omtala som «kastemerke», men dei viser svært sjeldan kva kaste nokon høyrer til. I staden kan dei visa til kva gud ein dyrkar og til tider fortelja noko om ein er gift eller ikkje og om ein er hinduprest eller asket. Menn, kvinner og barn kan alle bera pannemerke, anten dagleg eller ved visse høve, som ei avskjed, eit giftarmål eller ei tempelvitjing. Merka finst i mange fargar og utformingar. Dei kan målast, pressast eller klistrast på panna, og går av etter ei stund.
Sanskritordet for 'merke', tilaka (tilak på hindi), kan brukast om alle typar religiøse merke, om dei er laga i panna eller andre stader.