Panserbataljonen | |||
![]() | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 1987–no | ||
Grein | ![]() | ||
Type | ![]() | ||
Rolle |
| ||
Storleik | 600 soldatar | ||
Del av | ![]() | ||
Garnison/HK | Setermoen garnison[1] | ||
Motto | «Bitit Fyrst» (norrønt: Slå først) | ||
Kallenamn | Minkebataljonen og Bn 1 | ||
Beretflash | ![]() |
Panserbataljonen (PBN) er ein av tre manøverbataljonar i Brigade Nord. Bataljonen er organisert og oppbygd på same måte som Telemark bataljon, med stridsvogner og stormpanservogner. Sjølv om bataljonen er kategorisert som ei kavaleriavdeling, består bataljonen hovudsakleg av mekanisert infanteri. Bataljonen er oppfatta som kavaleri for seremonielle formål, og soldatane vert difor omtalt som «dragonar» i staden for «meinige».[2]
Panserbataljonen held til på Setermoen garnison i Bardu kommune i Troms.[1] Panserbataljonen vert ofte kalla «Hærens knyttneve» og fungerer enno som den første bataljonen i Brigaden.[3]