Papa John Creach | |
![]() | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 28. mai 1917 Beaver Falls |
Død |
22. februar 1994 (76 år) |
Yrke | musikar, felespelar, skodespelar |
Språk | engelsk |
Medlem av | Jefferson Airplane |
John Henry Creach, eller Papa John Creach (28. mai 1917–22. februar 1994) var ein amerikansk fiolinist som spelte for Jefferson Airplane (1970–1975), Hot Tuna, Jefferson Starship, Jefferson Starship - The Next Generation, San Francisco All-Stars (1979–1984), The Dinosaurs (1982–1989) og Steve Taylor.
Creach byrja å spele fiolin i barar i Chicago då familien flytte dit i 1935, og han vart etter kvart med eit lokalt cabaretband, the Chocolate Music Bars. Han flytta til Los Angeles i 1945 og spelte på Chi Chi Club, og arbeidde på ein passasjerdampar.
I 1967 spelte han i Parisian Room, då han vart «oppdaga» av trommeslagar Joey Covington. Då Covington vart med i the Jefferson Airplane i 1970, introduserte han dei for Creach, som vart invitert med i Hot Tuna. Publikumsresponsen på dette overtydde resten av Airplane at det var verdt å ta han inn i bandet. Han var med bandet dei neste fem åra. Han var seinare fleire gonger gjesteartist for Jefferson Starship.
I 1992 vart han eit av dei originale medlemmane av Jefferson Starship - The Next Generation, og spelte med dei til han døydde av hjarteattakk i 1994, 76 år gammal.