Paradise Theatre av Styx

Paradise Theatre
Studioalbum av Styx
Språk engelsk
Utgjeve 19. januar 1981
Innspelt 1980
Studio Pumpkin Studios i Oak Lawn i Illinois
Sjanger
Lengd 40:37
Selskap A&M
Produsent Styx
Styx-kronologi 
Cornerstone
(1979)
Paradise Theatre Kilroy Was Here
(1983)


Singlar frå Paradise Theatre
  1. «The Best of Times»
    Utgjeve: Januar 1981
  2. «Too Much Time on My Hands»
    Utgjeve: March 1981
  3. «Nothing Ever Goes as Planned»
    Utgjeve: 1981
  4. «Rockin' the Paradise»
    Utgjeve: 1981
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 stars [1]
The Daily VaultA (2003) [2]
C (2006) [3]
The Rolling Stone Album Guide2.5/5 stars [4]

Paradise Theatre er det tiande studioalbumet til det amerikanske rockebandet Styx, gjeve ut i januar 1981. Det var det mest suksessrike albumet til Styx, og det låg på toppen av albumlista i USA i tre veker i april og mai 1981.

Det vart gjeve ut fire singlar frå albumet som gjekk inn på forskjellige lister, og to av songane nådde topp 10 på pop-lista i USA. Den første singelen var «The Best of Times» og var skriven av Dennis DeYoung. Denne nådde tredjeplassen på Billboard Hot 100. «Too Much Time on My Hands», skriven av Tommy Shaw, nådde niandeplassen på Billboard Hot 100. Det var den einaste topp 10-hitten Shaw skreiv for Styx. «Nothing Ever Goes as Planned», skriven av DeYoung, nådde 54. plassen på pop-lista i USA. «Rockin' the Paradise» — skriven av DeYoung, Shaw og James Young — nådde åttandeplassen på Top Rock Track Chart-lista.

Songen «The Best of Times» er blitt nytt i mange filmar. Songen er med i filmen Big Daddy med Adam Sandler i hovudrolla som stor Styx-fan. Songen er òg med i filmen The Perfect Man.

Paradise Theatre vart det einaste Styx-albumet som nådde toppen av albumet. Det var det fjerde albumet deira på rad som selte 3x platinaplater.

  1. Rivadavia, Eduardo. Paradise Theatre av StyxAllmusic. Henta 3. juni 2020.
  2. The Daily Vault album review #1 by Duke Egbert (2.12.2003): Styx - Paradise Theatre (1981)
  3. The Daily Vault album review #2 by Paul Hanson (27.6.2006): Styx - Paradise Theatre (1981)
  4. Brackett, Nathan; Christian Hoard (2004). The Rolling Stone Album Guide. New York City, New York: Simon and Schuster. s. 789. ISBN 0-7432-0169-8. «rolling stone styx album guide.» 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne