Paringsspelet leik

Brushaneleik. Illustrasjon av Johann Friedrich Naumann (1780–1857)

Paringsspelet leik[1] er ei åtferd i tida rett før paring, funne blant somme dyreartar, men mest utbreidd blant fuglar. I leiken samlast hannar som freistar å kjempe om gode territorium og utfører konkurrerande oppvisningar for å lokke vitjande hoer som kjem til for å kartlegge potensielle partnarar å pare seg med.[2] Ein leik kan òg indikere ein tilgjengeleg plass som nyttast av hannar for å forsvare sin eigen del av territoriet for hekkesesongen. Ein leikart er prega av mannlege oppvisningar, og hoer som i sterkast grad avgjer partnarvalet. Kjønnsrollene gjev indirekte føremon til hannane og reduserer kostnadar til hoene. Sjølv om åtferda er mest utbreidd blant fuglar som tiur og orrfugl, finst leik òg i eit breitt spekter av virveldyr, inkludert beinfiskar, amfibium, krypdyr og pattedyr, samt leddyr inkludert krepsdyr og insekt.

Spesielt hannar av mange artar utviklar ei kortvarig leikdrakt som skil kjønna i utsjånad, eigenskapen er sterkt utprega hos til dømes brushane.

  1. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet nnob
  2. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Fiske

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne