Paristraktaten i 1763

Alle deltakarane i sjuårskrigen. Blå: Storbritannia, Preussen, Portugal med allierte. Grøn: Frankrike, Spania, Austerrike, Russland og Sverige med allierte.

Paristraktaten, Parisfreden eller Freden i Paris, var ein fredsavtale som enda sjuårskrigen.[1] Han vart underteikna 10. februar 1763 av Storbritannia, Frankrike og Spania, i lag med Portugal. Avtalen markerte byrjinga på ein lang periode med britisk dominans utanfor Europa.[2] Avtalen omfatta ikkje Preussen eller Austerrike som signerte den separate Hubertusburg-traktaten.

Det meste av dei erobra landområda vart gjevne tilbake til eigarane frå før krigen, men britane fekk store oversjøiske område frå Frankrike, og til ein viss grad frå Spania.[3] Frankrike ønskte å få ha Guadeloupe og gav derfor opp Canada og alle krav på områda aust for Mississippielva til Storbritannia.[4] Spania avstod Florida til Storbritannia, men fekk seinare New Orleans og Fransk Louisiana frå britane. Manila og Cuba vart gjevne attende til Spania. Frankrike fekk behalde Saint Pierre og Miquelon og fekk attende Guadeloupe, Martinique og Saint Lucia i byte for Dominica, Grenada, Saint Vincent og Grenadinane og Tobago som gjekk til britane. I India tapte franskmennene i forhold til britane, og fekk til bake «fabrikkane» (handelsplassane), men måtte avtale å støtte dei britiske klientstyra, returnere Sumatra og avtale å ikkje ha stasjonere soldatar i Bengal. Øya Menorca i Middelhavet vart overført til britane etter at ho vart erobra frå franskmennene i starten av krigen.

Storbritannia gav tilbake slavestasjonen på øya Gorée til franskmennene, men fekk Senegalelva og busetnadane her som hadde vorte erobra i 1758. Storbritannia gjekk med på å øydeleggje festningsverka i Britisk Honduras (Belize), men fekk løyve av Spania til å behalde ein koloni for skoghogst der. Storbritannia stadfesta i avtalen at innbyggjarane i dei nye landområda deira skulle få ha retten til å utøve katolisisme[5] og fekk stadfesta den britiske kongen sin rett gjennom Huset Hannover til å vere kurfyrste i Det tysk-romerske riket.

Det vert stundom hevda at den britiske kong George III i denne avtalen sa frå seg kravet om å verte konge av Frankrike. Dette er derimot ei historisk segn og dette finst ikkje i avtaleteksten i det heile. George III heldt fram å kalle seg «Konge av Frankrike» og nytte den franske lilja som ein del av våpenskjoldet sitt fram til 1801, då Storbritannia og Irland vart samla.

  1. Marston, Daniel (2002). The French-Indian War 1754-1760. Osprey Publishing. s. 84. ISBN 0415968380. The French-Indian War 1754-1760. 
  2. «Wars og Battles:Treaty of Paris (1763)». «In a nutshell, Britain emerged as the world’s leading colonial empire.» 
  3. «The Treaty of Paris ends the French and Indian War». 
  4. Treaty of Paris, 1763
  5. Extracts from the Treaty of Paris of 1763. A. Lovell & Co. 1892. s. 6. «His Britannick Majesty, on his side, agrees to grant the liberty of the Roman Catholic religion to the inhabitants of Canada.» 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne