Parsec

Parsec (symbol: pc) er ei måleining for lengda, nytta innan astronomi. Éin parsec er avstanden til eit objekt om den trigonometriske parallaksen er lik eitt bogesekund og svarer til 3,2616 lysår, 206 265 AE eller 30,857×1012 km.[1][2]

Avstanden til den næraste stjerna, Alfa Centauri, er 1,3 pc, og til Sirius 2,8 pc.

  1. Astroordlista på heimesida til Arkivert 2006-05-11 ved Wayback Machine. Institutt for teoretisk astrofysikk
  2. Artikkelen om «parsec» i Phillips Astronomy Encyclopedia s. 300

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne