Passage Studioalbum av The Carpenters | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Oktober 1977 | |
Innspelt | 1977 | |
Sjanger | Pop, jazz, easy listening, adult contemporary, country | |
Lengd | 39:09 | |
Selskap | A&M | |
Produsent | Richard Carpenter/Associate Produsent - Karen Carpenter | |
The Carpenters-kronologi | ||
---|---|---|
Live at the Palladium (1976) |
Passage | Christmas Portrait (1978)
|
Passage er det åttande studioalbumet til den amerikanske popduoen Carpenters. Det kom ut i 1977 og inneheldt hitsinglane «All You Get from Love Is a Love Song», «Calling Occupants of Interplanetary Craft» og «Sweet, Sweet Smile». The Carpenters-versjonen av «Sweet, Sweet Smile» (skriven av Juice Newton) vart plukka opp av countryradiostasjonar og duoen hamna på topp 10 på country-lista i USA våren 1978.
Albumet er eit steg i ei ny retning for gruppa og inneheld meir eksperimentelle songar som Klaatu-songen «Calling Occupants of Interplanetary Craft», som nådde 32. plassen i USA og topp 10 i fleire land internasjonalt.[1]) Albumet selde dårlegare enn dei førre albuma deira og vart det første som ikkje selde til gullplate i USA.
Dette er det einaste Carpenters-albumet (om ein ser bort frå julemusikkalbuma deira) som ikkje inneheld songar skrivne av Richard Carpenter eller John Bettis.