Pasta

Pastamåltid.
Tilverking av fersk pasta
Pastaskjel fylte med ricottaost og spinat og dekte med tomatsaus.

Pasta er eit næringsmiddelprodukt som er laga av ein deig av mjøl (anten av vanleg kveite eller durumkveite) og vatn. Han kan òg vere tilsett andre ingrediensar som gjev farge, smak eller andre eigenskapar til pastaen. Mest vanleg er det å tilsette egg og salt. Pastapakkar kan fyllast med ulike matvarer som ost eller spinat eller fargast med råvarer som tomat, spinat og blekksprutblekk.

Ordet pasta kjem frå italiensk og tyder 'deig', på italiensk brukar ein òg ordet om små kaker.

Produktet blir ofte seld i tørka tilstand, då med eit vassinnhald på om lag 7 %, men kan òg seljast fersk.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne