Pater Noster-skjera er ei øygruppe i Bohuslän utanfor Marstrand i Sverige. Det står eit 32 meter høgt fyrtårn her, oppført i 1868 og nedlagd i 1977.
Namnet kjem visstnok av det vanskelege farvatnet i området, fordi sjøfolk las bøna Pater noster eller Fader vår, her.