Patriark er ein mann med ei særskild stilling som leiar eller stamfar for ei gruppe. Opphavleg viste omgrepet til ein far eller leiar for ein familie eller klan. I fleire kyrkjesamfunn, særleg i ortodoks kristendom, er «patriark» tittelen til den øvste leiaren for samfunnet.[1]
I bibelsk samanheng viser «patriark» særleg til dei tre stamfedrene for jødane, Abraham, Isak og Jakob. Patriarkane er nemnde i amida-bøna.[2]